Jump to content

Bytte spanter i 16 fots strandebarm


Sinten

Recommended Posts

Du (Sinten) skrev; Problemet er at når desse tannhjula av hardplast går rundt fleire tusen gongar i minuttet og skal frakte ein gut på nokre og 50 kg pluss eit køyretøy på 15 kg i 20 km/t i oppoverbakke så "et" tanhjula (det du ser til venstre på det øvste bilete og det tannhjulet på innsida av hjulet på det andre bilete) kvarandre opp.

 

Koklusjonen er vell at du løyg om vekten.... :lol:

 

Han med gul jakke ser ut til å være i 8års alderen, så han veier nok litt mindre enn 50 kg.. :wink:

 

Når jeg tenker meg om er dette litt usikker.. For å hjelpe Sinten litt, du lagte vel denne triken til en liten gutt? Han veier kanskje rundt 50kg? :smiley:

Link to post
Share on other sites

  • 8 måneder senere...

Har ikkje sjøsett denne båten for i år endå, og før eg gjer det vil eg få fiksa desse lekkasjane langs med kjølen. I fjor la eg ei fuge med sika mellom kjølen og første bordet (på innsida av båten) på dei plassane der det var verst, og her vart det "pottetett" resten av sommaren.

 

Grunnen til at ein ikkje skal bruke sika og liknande stoff som herder til å tette trebåt med er, så vitt eg har forstått, at når treet trutner så vil ikkje dette gje etter og bord kan sprekke. Men ned mot kjølen der eg har brukt det vil det jo ikkje vere noko bevegelse eller noko som trutnar på samme måte. For det er jo ikkje ei sprekk i eit bord, men ei glipe mellom kjølen og eit bord, og sidan eg legg sika på innsida skulle det ikkje vere noko gale i å bruke dette vel? Eller er det noko anna som gjer at dette ikkje er å anbefale?

 

Alternativt må eg få snudd båten, skrape for bunnstoff på dei veste plassane og gå over med farm eller roof7 (nokon som har erfaring med det), eller liknande, men dette har eg helst lyst å sleppe.

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Ingen som har innvendingar mot å bruke sika?

 

Såg forresten over båten i går, og ser ut som eg må gå over og mette med meir owatrol D1. Har i dag ikkje noko toppstrøk verken på utsid eller innsida (kanskje derfor det har blitt "vaska ut"?), då eg ser for meg slitet med å skrape av igjen lakk/benar når båten må behandlast igjen, men dette vert kanskje så mange år til at det er betre å slenge på nokre strøk benar på utsida likevel? Vil det vere mogleg å halde skroget metta med D1 frå innsida dersom eg behandler med benar på utsida, synspunkt? Dette er jo for så vidt ein bruksbåt (derfor eg ikkje har toppstrøk i dag), men eg vil jo ikkje at den skal vere stygg heller :wink: , så er litt i stuss om kva eg bør gjere her :confused:

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Farmen må jo på frå utsida i tilegg til at den må kjøpast, så gje meg ein god grunn til å bruke farm? :wink:

 

Trur ikkje det er nokre spikra som har røke, tippar berre at det er linoljekittet, som er brukt som tetting der før, har tørka og sprukket og ikkje er tett lenger. Trur ikkje eg tør å spikre tettare heller, då det er ganske tett frå før, få sjå det litt ann...

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Såklart skal det klines på utsiden, alt som du skal tette med skal aller helst på fra utisden, smører du på innsiden risikerer du at vanntrykket bare dytter det du har i sprekken inn igjenn.

 

Jeg tror det må være en spiker som er gåen. Det skal jo ikke være en glipe der? Tviler på at båtbyggeren bygde den med en glipe der for og fuge over etterpå... Da er det isåfall en sløv båtbygger :smash:

 

Grunnen til at du skal bruke farm istedenfor Sikaflex er at farmen er mykt og tyter utifra glipen/sprekken når treet truttner. Bruker du fek.s Sikaflex kan du risikere at treet sprekker enda når det truttner..

 

Har du ikke råd til farm for du stjele litt margarin fra kjøleskapet.. :wink:

Link to post
Share on other sites

Svart (redigert)

Glipa er akkurat der kjølen er skøyta (er så lang at den er i to delar), og der er det litt råte, og tipper det er derfor glipa er der. (skal prøve å få tatt bilde)

 

Klinte i margarin i fjor, men vart vaska ut igjen med ein gong båten vart dratt opp på land, vert farm vaska vekk på same måten? Viss den vert det så kan eg ha sika på innsida og farm på utsida, slik at farmen heldt det tett når båten er på vatnet og sikaen heldt tett slik at farmen ikkje vert skylt ut når båten vert dratt på land med litt vatn i. Det må då vere eit greit kompromiss :wink:

Redigert av Sinten (see edit history)

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Var hos Faannessen i dag for å kjøpe farm, men det var han utsolgt for. Eg spurte då om han hadde noko anna eg kunne bruke til å tette båten med, og han anbefalte ein tube med Butylfugemasse som han meinte kunne brukast. Eg spurte om det ikkje var fare for å sprenge bord med denne, men han sa at denne forblei elastisk og skulle vere heilt trygg. Får vel stole på dette, då han skal ha god greie på trebåtar :smiley:

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Kjem litt ann på kva dimensjon det er på dei spanta du har i dag? Eg skar ut spant i frå 2x6 furu, så vil i grunn tru at du kanskje treng noko litt tjukkare. Så sant du ikkje har tenkt å laminere (lime og skru) fleire saman, då går det sikkert greit.

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Eg brukte furu, så det går fint, men dersom dei eksisterande er eik bør kanskje dei nye vere litt grovare. Einaste ulempen med impregnert furu eg kan komme på er fargen, men du har kanskje tenkt å male dei uansett?

"Hadde gud ment at det skulle finnes plastbåter,hadde han skapt plast trær"

 

my_ads.gif

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...