Jump to content

Kan det bli båt av dette?


aebi

Recommended Posts

bilde

 

For ei tid tilbake kom eg over desse formene. Eg hadda lenge gått å ønska meg meir kunnskap om glasfiberarbeid, og her låg kanskje eit utgangspunkt for det. Kunne det bli båt av dette? Det viste det seg at det kunne, og eg skal prøve å presentere den historia her på båtforumet.

Redigert av aebi (see edit history)
Link to post
Share on other sites

bilde

 

Gelcoat vert lagt på med mellom 1mm til 2mm tjukkelse

bilde

 

"learning by dooing" Vi erfarte etter kvart et penselkvalitet var særs avgjerande til dette arbeidet

 

bilde

 

På sokkelesten i innspurten på gelcoat-legging. Vi senka temperaturen i lokalet medan dette arbeidet stod på slik at vi kjøpte oss litt ekstra tid før gelcoaten tok til å herde.

Link to post
Share on other sites

bilde

 

Gelcoat har tørka eit døgn og vi er i ferd med å legge glasfibermatter i forma. Vi legg eit lag med matter i den fyrste støypen, og vi gir oss god tid med dette arbeidet for å unngå støypefeil mellom gelcoat og glasfiber. Støypinga av 1. legg vert gjort på ein fredagskveld slik at vi kan nytte ein heil laurdag til neste støyping.

 

bilde

 

Og det trengs. Lag nr 2 og 3 vert lagt vått/vått. Dette betyr at vi har støypt heile båtskroget med to lag på ein laaang dag (14 timar)

Arbeidet har tatt på for både rygg og sko.

 

bilde

Link to post
Share on other sites

Medan herdinga av skroget skjer så vert det laga avstivningar og spant til båtane. Til dette arbeidet vert det brykt 10mm lett kryssfiner.

bilde

 

 

 

bilde

Da har båten herda i støypen, vi har vore i snekkerverkstaden og laga spant, desse har blitt støypt fast med glassfiber og polyester. Arbeidet har tatt ei veke for kvar båt. Det som her skjer er det snart skal leggast flatt dekk opp på dette skjelettet. Her inne kjem vi aldri meir til, dette vert flytetankane i båten ( 600 l) Derfor vert det no smurt med fleire lag 2-komponent toppcoat. 10 minutt etter tilsetting av herder vert malinga hard! Stressarbeid.

 

 

bilde

 

Vi har og fått på plass forsterking i bakkant av båten, dette er ein omstendeleg prosess; fyrst forme til plate i tjukk kryssfiner, deretter støype den fast i akterenden. Masse kilar og tvinger måtte til. Deretter 2 lag med glassfibermatte i tjukk polyester. Enda ei veke med kvelds-arbeid, til kvar båt.

 

bilde

 

Båt nr. 2 er klar for å forlete forma...

bilde

 

SLIK!!

Det er alltid ei spanande arbeidsøkt når støypen skal sjå dagens lys. Dette ser bra ut, ingen støypefeil!

Link to post
Share on other sites

bilde

 

Her er botnane til begge båtane laga, dette har vore enda ei veke arbeid på kveldstid. Finsnekring. Botnane vart etter tilpassing påskrudd masse lektar , dette for å ha eit stivt "flak" å arbeide med. Deretter vart dekket lyfta ut som ei flate ( 5 mann måtte til),snudd opp/ned og lagt i lim og skrudd fast. Lokket på flytetankane og dekket i båten er dermed på plass.

 

bilde

 

Då har dekket kome dit det høyrer heime. Er limt fast til understellet og i tillegg skrudd med 100 rustfrie skruar.

 

bilde

 

Denne brønnen vert skjult, dei kvite hola får messingpropper til vassuttak om nødvendig.

 

bilde

 

Det begynner å likne eit båtbyggeri...

 

 

bilde

 

Då er dekket tilpassa, limt, skrudd og sparkla og gjort klart for plastring.

Link to post
Share on other sites

bilde

 

Det går med 2 slike 80 kilos ruller med glassfibermatte til kvar båt. Mattene vi bruker veg 900 gr/kvadratmeter. Det er viktig at dei ulike bitane vert skjert opp før vi begynner å grise med polyester. Det vart til forsterking av rekke og fastøyping av konstruksjonen brukt 84 stk 100x30 cm!. Berre på det arbeidet som er gjort til no

 

bilde

 

Her aner vi korleis bakplata er støypt fast. Dette må vere grundig plastra, skal tåle ein motor på inntil 115 HK

 

 

bilde

 

Seint ein kveld er fyrste lag på dekket støypt. Her tåler vi ingen støypefeil; dette vert synleg!!

 

bilde

 

Etter 3 lag med glasfibermatter ser dekket slik ut før det herder. Ingel luftlommer å sjå :smiley:

 

 

bilde

 

Forbruk av sikaflex så langt (på 2 båter)

 

 

bilde

 

Dette er rester av polyester som har stått natta over i bøtta, rullen kan ikkje brukast meir enn ein gong, forbruksvare. (har gått med ca 50 rullar til no)

 

 

bilde

 

Klar for ny blande! Her tappes polyester i bøtter som ein kan lese av volum i. Polyester er innkjøpt i 220 liters fat. (440 til to båter)

(tilsaman brukte vi omlag 500 før båtane var ferdige)

 

 

bilde

 

Båtens hovedkonstruksjon er snart ferdig. Det gjenstår finskjæring av flenskant rundt heile båten, samt påføring av toppcoat i brønnen bak, samt innsetting av ventiler. Det skal også støypast inn to 50 mm slanger som skal drenere ut vatn. Om lag 30% av arbeidet er no gjort, og det har gått eit par mnd. med kontinuerleg arbeid på kveldstid samt heile helgane. Det har blitt mørke kveldar og kulden kjem etter kvart sigande og skal gje oss utfordringar. Resten byggeprosjektet kjem til å gå seinare MYKJE seinare... :rolleyes:

Redigert av aebi (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Kapittel 2

Støyping av nye komponentar.

Hausten har passert og det har blitt januar på eit nytt år. Vi ser at no kjem motbakkane, men vi har etter kvart fått ”dreisen” på blandingsforhold på polyester og herder. Dette er no viktig kunnskap, ute er det vinter og temperaturen varierer frå varmegrader og ned i 16 –grader. Vi bruker 20 liter diesel i mang ein arbeidskveld på å varme opp lokalet!

 

bilde

 

Vi har leita opp "innerliner" til båten. Denne har lagt ubrukt i mange år og får no maaange omgangar med voks før vi er nøgde. Dette vert den delen av støypearbeidet som vert mest synleg, og som skal "legge lista" på handarbeidet til båten. :wink:

Redigert av aebi (see edit history)
Link to post
Share on other sites

bilde

 

I utgangspunktet ser dette ut som ei enkel form å støype, men det viste seg fort at dette meir vart som eit svennebrev. Forma har som de ser blitt lagt opp slik at vi kjem til frå alle sider, og det viste seg etter kvart å vere smart. Vi kunne dermed arbeide på same plass med fleire hender. Arbeidet med å legge eit komplett lag i denne forma er såpass omfattande at vi igjen senka temperaturen i lokalet for å skaffe oss arbeidstid før herding. :saint:

Redigert av aebi (see edit history)
Link to post
Share on other sites

 

 

 

bilde

 

Dette er rester av polyester som har stått natta over i bøtta, rullen kan ikkje brukast meir enn ein gong, forbruksvare. (har gått med ca 50 rullar til no)

 

 

 

En bøtte med godt varmt, sterkt grønnsåpevann så hadde hansker og rullen hvert som ny.

Redigert av roger-jo (see edit history)

Kokekyndig maskinist kjent på kysten.

Link to post
Share on other sites

SÅ ein kort bildeserie som fortel om korleis dette gikk til:

 

bilde

2 strøk med gelcoat slik at vi er sikker på at vi har nok tjukne til å hindre gjennomskining til glasfiber, samt ha litt å reparere på dersom båten får skade under bruk.

 

bilde

Så fleire lag med matter og polyester

 

bilde

Det vart ei utfordring å legge alle utvendige- og innvendige hjørner med 900gr. matte. I ettertid ser vi at det kanskje skulle vore noko meir lettarbeidde tjukner her, men det gikk bra. :smiley:

 

bilde

Lukekarm som det skal trakkast på vart påspandert 4 tjukkelser med matte. :yesnod:

 

 

bilde

Den same tjukkelsen vert påført i bakken på båten.

 

 

bilde

 

I tillegg vart det støypt inn forsterkingar på dei fleste flater. (10mm x-finer)

 

Det heile begynner å svinge gjennom kaaalde vinterkvelder

bilde

 

Ein "innerliner" på plass og den andre i farta i støypeforma. Vi har måtta laga lagerplass til båtane etter kvart som talet på former auka og treng plass :clap:

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.



×
×
  • Create New...