Vestlandssong Startet 18.September.2021 Del på Facebook Startet 18.September.2021 I sumar byrja motoren i båten min, ein AD41P 2001-modell å slite med varmgang. Eg måtte begrense turtallet for at motoren ikkje skulle nå kokepunktet, men med dette forbeholdet brukte me båten heile sumaren utan store problem (motoralarm ved eitt tilfelle). Båten er ein Viksund St Cruz 290/30, med DP-E 290 drev. Etter nærare inspeksjon og ein tur innom verkstad viste det seg at det i tillegg til varmgang var lekkasje av kjølevæske og nokre oljelekkasjer frå motorblokka. Verkstaden formidla at dette kunne verte dyrt. Veldig dyrt. Og etter litt fram og tilbake bestemte eg meg for å forsøke å ta ein titt på motoren sjølv. Eg lagar denne tråden for å dokumentere prosessen, samt dele mine erfaringar under vegs - på godt og vondt. Eg har hatt båt i ein del år, og er vand til sjø og båtlivet. Men stor båt med innenbordsmotor har eg ikkje hatt i meir enn eitt år, fordelt på over båter (ombestemte meg fort med tanke på type båt). For eitt år sidan hadde eg faktisk aldri sett på ein innenbords motor ein gong(!), og det er ikkje meir enn 6 månader sidan eg ved hjelp av Baatplassen og YouTube foretok mine aller første filter- og oljebytte, samt impellerbytte. Og no skal eg altså forsøke å demontere store deler av motoren i eit forsøk på å finne ut kva som er gale. Eg forventer ei bratt læringskurve. Dette er litt galskap! Det er altså ein amatør de har å gjere med her. Ein som lærer mens han går, og forhåpentligvis kjem fram til slutt. Det høyrer også med til historia at eg allereie har fått god hjelp av medlemmer av dette forumet, og utan den hjelpa hadde eg nok aldri våga å gå i gang med dette. Eg har bestemt meg for å begrense meg til dei utvendige delene. Oljelekkasjen frå motorblokka trur eg nok eg vil eg overlate til ein verkstad, men eg håpar at eg i løpet av prosessen kan finne ut litt meir om kva som er årsaken til at den oppsto. Eg gjekk i gang med arbeidet i dag, og i morgon skal eg skrive litt om kva eg gjorde og kva eg fann ut i løpet av dagens økt. Det var faktisk ein heil del. Sitér dette innlegget Link to post
Komodo Svart 18.September.2021 Del på Facebook Svart 18.September.2021 Vestlandssong skrev 57 minutter siden: Eg gjekk i gang med arbeidet i dag, og i morgon skal eg skrive litt om kva eg gjorde og kva eg fann ut i løpet av dagens økt. Det var faktisk ein heil del. Jøss, du setter oss på pinebenken fra innlegg #1 Det er ikke en mulighet for at du kan røpe dette allerede i kveld? Sitér dette innlegget Draco 20 blir jolle Skroggjennomføringer og materialkvalitet DIY Badeplattform DIY Anker i syrefast Link to post
Vestlandssong Svart 18.September.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 18.September.2021 (redigert) Komodo skrev 31 minutter siden: Jøss, du setter oss på pinebenken fra innlegg #1 Det er ikke en mulighet for at du kan røpe dette allerede i kveld? Ja, okei då Eg starta med å sjekke impelleren. Denne burde eg sjølvsagt ha sjekka for lenge sidan. Men sjøvannspumpa er plassert under vannlinja og eg har ingen stoppeventil på inntaket. Dermed renn sjøvatnet inn dersom eg åpner impellerlokket. Eg kunne jo alltids ha løsna av vannslangen til pumpehuset og proppa denne. Men eg frykta masse søl med sjøvatn. Dessutan vart impelleren skifta for under eit år sidan, så sjølv om impelleren ikkje skulle være 100% inntakt kunne den neppe være heile syndebukken, tenkte eg. Men når eg fekk ut impelleren fann eg fort ut at eg tok feil av impellerens tilstand. Den ser ut som den har fått ein omgang med kjøttøks, og synderen ser de fremst i biletet. Denne steinen hadde funne vegen inn i sjøvannspumpa, og har reve impelleren i fillebiter. Eg ser fram til å åpne oljekjølaren for å sjå om eg finn att bitene der... Korleis steinen har hamna der veit eg ikkje. Men eg veit i allefall at drevet ikkje har hatt bunnkjenning så lenge båten har vore i mitt eige. Det positive med at impelleren står for deler av problemet er jo at denne er lett å skifte. Det negative er at det ser ut til at min ubudne gjest har gjort litt skade i sjøvannspumpa. Eg veit ikkje kor mykje som kan tolererast av rifter i metallet her, men eg tipper at denne må skiftast. No kan det hende at det er mogleg å ta ut innsatsen på denne sjøvannspumpa, og i såfall kan eg kanskje sleppe unna med å berre skifte denne...? Varmeveksler og eksosbend er også montert av motoren og tatt med heim i garasjen. I morgon skal eg kikke meir på desse. Redigert 18.September.2021 av Vestlandssong (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Komodo Svart 18.September.2021 Del på Facebook Svart 18.September.2021 Se der ja, det var jo breaking news! Vanskelig å vurdere dybden på ripene ut fra bilder, men tipper du må ha et nytt pumpehus. Det positive er jo at du allerede har funnet en vesentlig feil 👍 Sitér dette innlegget Draco 20 blir jolle Skroggjennomføringer og materialkvalitet DIY Badeplattform DIY Anker i syrefast Link to post
Vestlandssong Svart 19.September.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 19.September.2021 (redigert) Så var det varmeveksleren sin tur. Denne vart rensa med systemrens av førre eigar for eit halvt års tid sidan, så eg mistenkte at denne ikkje ville være alt for ille. På den andre sida, når motoren verkeleg har vore varm, har varmeveksleren vore den aller varmaste delen på motoren. Faktisk så varm at eg tipper eg kunne steikt speilegg på den! Eg tenkte difor at det kanskje kunne ha samla seg diverse avleiringer inni der likevel. Eg skrudde ut bolten og forsøkte å trekke av lokket. Det sat godt så eg lirka forsiktig med eit skrujern. Eg trur eg klarte dette utan å øydelegge O-ringen på innsida. Når eg åpna lokket og såg inni viste det seg at denne var gullande rein. Her var det ikkje ein gong så mykje som ein liten klump med avleiringer. Det var jo sjølvsagt positivt, sjølv om ein del av meg var litt sur for at jobben med å montere varmeveksleren av motoren på eit vis var bortkasta. Det tok nemleg si tid. Slangane som var festa på varmeveksleren sat bom fast. Den eine slange endte eg til slutt opp med å måtte skjære eit snitt i for å få av. Den andre fekk eg etter mykje om og men endeleg løsna av. Den tynneste slangen er den som går frå varmeveksler til eksosbend, den tjukkeste frå toppen av varmeveksler til termostat (?). Altså mot sjøvannspumpa. Den slangen eg laga kutt i må sjølvsagt byttast, men eg vurderer å bytte begge når eg først er i gang. Er det nokon som veit kva desse slangene heiter? Før eg løsna varmeveksleren av åpna eg tappeskrua for å tømme den. Eg har tydeligvis misforstått korleis ein varmeveksler fungerer, for eg trudde det skulle kome ut sjøvatn her. Gjerne berre ein liten slant som låg att i systemet. Men her kom jo kjølevæska. ALL kjølevæaska. Eg hadde ikkje førebudd meg på dette og hadde ikkje tatt med meg beholdere til å romme så mykje væske. Ved å rote gjennom båt og bil klarte eg så vidt å finne plass til alt. Eg får få dette over i meir egna beholdere etter kvart. Så då har eg tydelegvis lært noko nytt om varmevekslere. At dei har både sjøvatn og ferskvatn i separate kanaler. Når eg først hadde veksleren ute så tok eg sjølvsagt ein rens på den. Eg brukte tipset til Svend Bjelland i YouTube-videoene, og brukte 0,5L 35% eddikkessens og 3,5 L vatn. Då vart det litt vatn til overs, som eg brukte til noko anna. I dag tidleg tømte eg ut vatnet, og der var det lite skit å finne. Nokre små mengde "rusk" og bittelitt brunt slam, som eg også ser at det er ein del av i ekspansjonstanken. Det var altså lite å hente i varmeveksleren, men nokre nye pakninger under lokket skal eg spandere på meg. I dag skal eg ta for meg eksosbendet, og skal kome tilbake med ein oppdatering på den. Redigert 19.September.2021 av Vestlandssong (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Goddis77 Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 Tipper den impelleren din har gjort at kjølingen ikke har kommet seg skikkelig rundt til varmeveksleren jeg. Du finner nok restene av den i slangen opp mot oljeljøleren. Hvis du demonterer oljeljøleren, må du være forsiktig når du demonterer denne. Bruk en trekloss eller annet som han viser på videoen, og ikke bank midt på. Det gjorde jeg, og dermed måtte den på service. Mener jeg bestilte komplett sett med pakninger på marinedeler.no når jeg gjorde jobben. Husk å bytte sinken i lokket når du er i gang. Den kan og knekke ved montering hvis lokket ikke kommer på riktig. Sitér dette innlegget Link to post
Brigg Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 Vestlandssong skrev for 14 timer siden: Denne steinen hadde funne vegen inn i sjøvannspumpa, og har reve impelleren i fillebiter. Eg ser fram til å åpne oljekjølaren for å sjå om eg finn att bitene der... Stein i sjøvannspumpa er litt spesielt, jeg kan ikke huske å ha hørt om noe sånt tidligere. Du har vel sjøvannsfilteret etter sjøvvanspumpa? Da finner du impellerrestene der. Sitér dette innlegget Viksund 340 St. Cruz: Tre-roms fritidsbolig med to terasser og fleksibel beliggenhet. 2009 - 0000: Viksund 340 St.Cruz Fly m/VP D6-370/HS80AE 2003 - 2009: Halco 29 Offshore Fly m/VP 41B/290DP Link to post
Vestlandssong Svart 19.September.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 19.September.2021 Brigg skrev 3 minutter siden: Du har vel sjøvannsfilteret etter sjøvvanspumpa? Da finner du impellerrestene der. Ja, eg har det. Men det rare er at der var det ingen impellerrester å finne. Eit par bittesmå blåskjell var det einaste. Mystisk.. Sitér dette innlegget Link to post
Vestlandssong Svart 19.September.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 19.September.2021 (redigert) Vestlandssong skrev 19 minutter siden: Ja, eg har det. Men det rare er at der var det ingen impellerrester å finne. Eit par bittesmå blåskjell var det einaste. Mystisk.. No skal det seiast at eg har tømt sjøvannsfilteret fleire gongar i sommar. Og eg har jo ikkje sett spesifikt etter impellerbiter. Hvis restene frå impelleren har vore kverna i små nok biter er det kanskje ein teoretisk moglegheit for at eg har trudd det var noko anna, og fjerna dei utan å vite det. Skjer det at fremmedlegemer lurer seg forbi sjøvannsfilteret og videre i systemet? Hvis ikkje er det kanskje unødvendig å demontere oljekjøler likevel. @Goddis77 minner meg jo på at dette er nøyaktighetsarbeid der ein kan risikere å ødelegge meir enn ein fikser. Edit: Eg kom på at den første gongen eg tømte sjøvannsfilteret i sumar, så visste eg ikkje heilt kordan eg skulle dra ut sila. Eg drog den ut litt skeivt, og då kan impellerrester ha ramla ned gjennom holet i sila og videre i systemet. Redigert 19.September.2021 av Vestlandssong (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Brigg Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 Vestlandssong skrev 13 minutter siden: Skjer det at fremmedlegemer lurer seg forbi sjøvannsfilteret og videre i systemet? I tilfelle vil dette være så smått at det også går gjennom resten av sjøvannsystemet. Sitér dette innlegget Viksund 340 St. Cruz: Tre-roms fritidsbolig med to terasser og fleksibel beliggenhet. 2009 - 0000: Viksund 340 St.Cruz Fly m/VP D6-370/HS80AE 2003 - 2009: Halco 29 Offshore Fly m/VP 41B/290DP Link to post
Goddis77 Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 Er uansett ikke store jobben å ta av slangen fra filteret ned til oljekjøleren for en titt. Men motsatt vei som antydes her er nok mer sannsynlig ja. Sitér dette innlegget Link to post
Komodo Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 Vestlandssong skrev for 1 time siden: Det var jo sjølvsagt positivt, sjølv om ein del av meg var litt sur for at jobben med å montere varmeveksleren av motoren på eit vis var bortkasta. Denne jobben må du se på i litt perspektiv. Husk at du inntil nylig vurderte motorbytte med kostnader og lån til over pipa som du slett ikke var komfortabel med. Du ble jo også forespeilet store kostnader ved å reparere den du har. Det du nå gjør av egeninnsats kan spare deg for store utgifter dersom du går grundig og analytisk til verks, men det forutsetter at du ikke hopper bukk over enkelte detaljer som kan være en del av problemet. Vestlandssong skrev for 1 time siden: Det tok nemleg si tid. Slangane som var festa på varmeveksleren sat bom fast. Den eine slange endte eg til slutt opp med å måtte skjære eit snitt i for å få av. Den andre fekk eg etter mykje om og men endeleg løsna av. Siden motoren din har vært varmere enn det du egentlig setter pris på kan det være en ide å være ekstra kritisk til alle gummislanger og pakninger. Dersom de har vært overopphetet kan de enten ha tatt skade, eller blitt forringet slik at de går i stykker før tiden. Det kan derfor være lurt å vurdere å bytte en del av slangene og pakningene uansett. Men når det gjelder å løsne slanger så er det et par triks. For det første blir alt av slanger lettere å jobbe med når de er varme. Det du kan gjøre er å legge en presenning e.l. over motoren, og rette en 2kw vifteovn mot slangene du skal ha av. Gummi leder varme dårlig, så det kan ta litt tid å få dem gjennomvarme. Bruker du en varmepistol rett på en gummislange er det stor mulighet for at du ødelegger den ved at du får for høy lokal temperatur utvendig på slangen, uten at den er varm tvers gjennom. Når slangen er god og varm blir den vesentlig mykere, og du kan lettere bøye den og løsne den fra stussen. Dersom den sitter klistret fast i stussen kan du f.eks. ta en gammel skrutrekker og slipe den helt rund i tuppen slik at den ikke har noen skarpe kanter og bruke den forsiktig til å løsne slangen fra stussen. Stikker du inn en skarp skrutrekker er det stor sjans for å ødelegge slangen inni. Og slik er det egentlig hele veien med forskjellige små triks når du skal skru. Dersom du støter på en utfordring kan det være lurt å legge inn bilder og spørsmål her i tråden før du går løs på det, da er det gode sjanser for at du får gode råd på forhånd Vestlandssong skrev 52 minutter siden: Hvis ikkje er det kanskje unødvendig å demontere oljekjøler likevel. Ja, kanskje. Men demonterer du den ikke så vet du ikke. Sitér dette innlegget Draco 20 blir jolle Skroggjennomføringer og materialkvalitet DIY Badeplattform DIY Anker i syrefast Link to post
mawilu Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 Siden TS mister vann på kjølekretsen er demontering av varmeveksler ikke bortkastet arbeid.Det er ikke nevnt noe om vann i olje så da er veksler en ett sted hvis det ikke lekker ut i motorrommet.Siden jeg har samme motor stusset jeg litt på at sjøvann filtret sitter etter pumpa det gjør det ikke på de jeg har sett. Sitér dette innlegget Link to post
Vestlandssong Svart 19.September.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 19.September.2021 mawilu skrev 13 minutter siden: Siden TS mister vann på kjølekretsen er demontering av varmeveksler ikke bortkastet arbeid.Det er ikke nevnt noe om vann i olje så da er veksler en ett sted hvis det ikke lekker ut i motorrommet.Siden jeg har samme motor stusset jeg litt på at sjøvann filtret sitter etter pumpa det gjør det ikke på de jeg har sett. Beklager at eg ikkje fekk dette med i første innlegg, men kjølevatnet drypp ned og legg seg under motor. Veit ikkje opprinnelsen endå. Men det er vel ikkje utenkelig at det rett og slett siv ut frå lokket på ekspanssjonstanken når vatnet er nær kokepunktet? Det er nemlig små mengder som lekk ut, og det kjem ingenting når eg går med lavt turtall. Når det gjeldt rekkefølgen på vannpumpe og filter så ser det i hvertfall ut for meg som filteret er etterpå. Sitér dette innlegget Link to post
Scand 360 dc Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 Kan det være at du mangler silen på kjølevannsinntaket på drevet? På dph drevet mitt, gikk denne i oppløsning i sommer, og jeg måtte bestille ny. Underlig at en stein kan klare å komme inn. Er det flere kjølevannsinntak til motoren? Sitér dette innlegget Link to post
Komodo Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 Hvis du manøvrerer litt kraftig med gasspådrag på grunt vann, kan du virvle opp grums og grus i vannet selv om propellene ikke er i bunn. Tipper du har fått sugd inn en stein på den måten. Sitér dette innlegget Draco 20 blir jolle Skroggjennomføringer og materialkvalitet DIY Badeplattform DIY Anker i syrefast Link to post
Lunde14 Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 (redigert) Volvo har vel orginalt filteret etter sjøvannspumpa, dette for og hindre biter av inpelleren og havne innover i motoren. når det gjeller årsaken til at steinen er kommet inn er vel en mulig årsak at du har ligget en plass der det har vert trådtang, disse gror på steiner, og dratt tangen inn og steinen har fulgt med in den veien. du må se på all skruinga du gjør nå som nyttig erfaring videre fremmover, med en maskin som er noen år gammel så må du regne med at det vil bli lit reperasjoner fremover 😊 Redigert 19.September.2021 av Lunde14 (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Brigg Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 Eller at noen på pur f har puttet steinen inn i S-slangen en gang drevet var avmontert. Her er mange muligheter. Sitér dette innlegget Viksund 340 St. Cruz: Tre-roms fritidsbolig med to terasser og fleksibel beliggenhet. 2009 - 0000: Viksund 340 St.Cruz Fly m/VP D6-370/HS80AE 2003 - 2009: Halco 29 Offshore Fly m/VP 41B/290DP Link to post
Vestlandssong Svart 19.September.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 19.September.2021 Scand 360 dc skrev for 1 time siden: Kan det være at du mangler silen på kjølevannsinntaket på drevet? På dph drevet mitt, gikk denne i oppløsning i sommer, og jeg måtte bestille ny. Meiner du "gitteret" på sjølve chassiset, eller ei sil lenger inne? Men hvis det finst ein enkel måte å sjekke dette på så tips meg gjerne. Sitér dette innlegget Link to post
Vestlandssong Svart 19.September.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 19.September.2021 (redigert) Så var det eksosbendet sin tur. Også dette strevde eg ei stund med å få av, men det gjekk til slutt. Neste gong skal eg prøve triksa til Komodo med å varme opp lufta rundt slangen for lettere å få det av. I overgangen mellom turbo og bendet var det mykje sot og rust. Eg syns det kunne sjå ut som mykje av denne rusten kjem frå turboen, men det er truleg ein kombinasjon. Her bør eg nok forsøke å få rensa ut litt frå utløpet på turbo. Eg var naturlegvis spent på om bendet var tett, og om dette kunne være medverkande årsak til varmgang. Det var det imidlertid ikkje. I hvertfall ikkje i hovedløpet. Det var mykje sot og litt rust, men eg kan ikkje skjønne anna enn at det har vore greit med gjennomstrømming her. Mest sot var det i den nederste delen. I tillegg er det ein del rust i og rundt dei små hola. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å kjøpe nytt bend, sidan det kanskje er tid for å skifte uansett. Boatparts var imidlertid utsolgt på hovedlager og visste ikkje korti dei fekk inn nye av dei ikkje-originale benda. Eg har foreløpig ikkje funne det same i andre nettbutikker. Alternativet er å kjøpe eit originalt Volvo-bend til dobbel pris. Men før eg bestemmer meg for dette ville eg forsøke å vaske bendet for å sjå korleis tilstanden eigentleg er. Eg starta med å legge det i reint vatn. To gongar tømte eg ei bøtte full av svart vatn. Etter dette gjekk eg over med oppvaskkost inni. Enkelte plasser gjekk eg også over med stålbørste. Eg gav det også ein runde med JIF ovnsrens. Til slutt la eg bendet i ei bøtte med eddikkblanding. Då såg det ut som om det kom "røyk" frå nedi vatnet. Vatnet var heile tida i svak bevegelse, og tidvis kom det små bobler. Eg lurer på kva dette kom av, kanskje var det soten som løyste seg opp, eller kanskje var det rester av ovnsrensen som reagerte med eddiken. Ikkje veit eg. Det er vel uansett ikkje så viktig, meir ein kuriositet. :) Til slutt gjekk eg over ein ny runde med stålbørste, og børsta til eg ikkje fekk av meir rust. Så skylte eg det reint. Her er resultatet. Ganske rein og fin i hovedløpet, men mykje rust inni dei små løpa. Rusten har gjort dei små innløpa ganske "ruglete". Bør bendet byttes eller toler det eit par sesonger til? Eg er ikkje interessert i å ta nokon sjanser så eg heller vel mest mot å bytte. Redigert 19.September.2021 av Vestlandssong (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Potain Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 Du skulle hatt tilgang på en ultralyd vasker. Vet ikke om du har demontert oljekjøleren, den kan være litt vanskelig å få ut innmaten uten å skade den. Beste metoden synes jeg er å skru av endelokket sette inn igjen de 4 boltene og dunke den ned mot benken, da slipper du å slå på innmaten. Den er ikke billig.... Sitér dette innlegget Link to post
Vestlandssong Svart 19.September.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 19.September.2021 Eg legg forresten til eit bilde. Her kan ein sjå det som liknar på avleiringer etter saltvann på eksosløpet. Tyder på lekkasje? Sitér dette innlegget Link to post
Goddis77 Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 Eg byttet alt det der når jeg holdt på. Den gummi muffen der er også et sårbart punkt. Hvis den brister er det vann på vei rett inn i motorrommet. Byttet til slangeklemmer med press på begge sider når jeg gjorde dette her. Proflex i drotningsvik har slikt Sitér dette innlegget Link to post
Goddis77 Svart 19.September.2021 Del på Facebook Svart 19.September.2021 (redigert) Sakser noen delenumre og priser på noen av tingene jeg brukte. Ombygget til slanger i samme runde når jeg holdt på. marinedeler.no 1 x Monteringssats 859086 2 stk og 469483 6 stk = kr.302,00 2 x z O-RING 948981 (948981) = kr.132,00 1 x z PACKNING 842597 (842597) = kr.72,00 2 x Tetningsring 842913 for eksosbend (842913) = kr.180,00 1 x z O-RING 967944 (967944) = kr.42,00 1 x o ring erst 864723 = kr.78,00 1 x Eksosklemme 21325765 (21325765) = kr.367,00 1 x Klemme 838864 til rør turbo (838864) = kr.71,00 1 x Pakningsats Intercooler erst 877386 (877386) = kr.570,00 1 x Pakningsats varmeveksler 3stk 860127, 1 stk 925027 for 41,300 motorer = kr.187,00 4 x o ring erst 968927 (968927) = kr.120,00 1 x z SLANG 944386 (944386) = kr.390,00 1 x Sink anode 838929 (838929) = kr.65,00 1 x Eksosbend erst 859963 31B/41B (859963) = kr.3068,00 1 x Spraylakk 1141566 Volvo Penta grønn original (1141566) = kr.354,00 1 x z SLANG 858517 (858517) = kr.1175,00 1 x Luftfilter erst 858488 for 31/41 (858488) = kr.312,00 1 x z TÄTNINGSRING 838855 (838855) = kr.307,00 Redigert 19.September.2021 av Goddis77 (see edit history) Sitér dette innlegget Link to post
Vestlandssong Svart 19.September.2021 Emnestarter Del på Facebook Svart 19.September.2021 Goddis77 skrev 13 minutter siden: Sakser noen delenumre og priser på noen av tingene jeg brukte. Ombygget til slanger i samme runde når jeg holdt på. marinedeler.no 1 x Monteringssats 859086 2 stk og 469483 6 stk = kr.302,00 2 x z O-RING 948981 (948981) = kr.132,00 1 x z PACKNING 842597 (842597) = kr.72,00 2 x Tetningsring 842913 for eksosbend (842913) = kr.180,00 1 x z O-RING 967944 (967944) = kr.42,00 1 x o ring erst 864723 = kr.78,00 1 x Eksosklemme 21325765 (21325765) = kr.367,00 1 x Klemme 838864 til rør turbo (838864) = kr.71,00 1 x Pakningsats Intercooler erst 877386 (877386) = kr.570,00 1 x Pakningsats varmeveksler 3stk 860127, 1 stk 925027 for 41,300 motorer = kr.187,00 4 x o ring erst 968927 (968927) = kr.120,00 1 x z SLANG 944386 (944386) = kr.390,00 1 x Sink anode 838929 (838929) = kr.65,00 1 x Eksosbend erst 859963 31B/41B (859963) = kr.3068,00 1 x Spraylakk 1141566 Volvo Penta grønn original (1141566) = kr.354,00 1 x z SLANG 858517 (858517) = kr.1175,00 1 x Luftfilter erst 858488 for 31/41 (858488) = kr.312,00 1 x z TÄTNINGSRING 838855 (838855) = kr.307,00 Takk, dette var nyttig info. Høyrest ut som det er best å skifte alt mens eg først er i gang. Kan spørre marinedeler.no om dei kan hjelpe meg å sette sammen ei komplett pakke, inkludert ny slange mellom varmeveksler og eksosbend. Sitér dette innlegget Link to post
Recommended Posts
Delta i diskusjonen
Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.