Jump to content

Volvo Penta AD41P reparasjonstråd


Vestlandssong

Recommended Posts

Lunde14 skrev 1 time siden:

Er det en ellektrisk stengeventil dette? klarer ikke helt og se det på bilde.

jeg har mercruiser drev men med intak både igjennom drev og skutebunn. Jeg har aldri likt at jeg ikke kan stenge intaket ved drevet.

 

Nei, den er manuell, det er vel ein slags kuleventil. Eg har heller ikkje likt å ikkje kunne stenge vatnet. I grunn ganske rart at det ikkje er standard med ei slik kran på alle båter med drev.. Her er bildet av delenunmeret, hvis det skulle være av interesse 🙂

 

IMG_20211005_191925.jpg

IMG_20211005_194220.jpg

Her er eit bilete frå før ventilen var skrudd fast. 

Redigert av Vestlandssong (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Her kjem ein post som strengt tatt burde vore delt opp i to, då dei er frå to ulike økter. Det er forøvrig siste post før eg skal prøvekjøre båten ordentlig på vatnet for første gong, og endelig kan finne ut av om symptomene er borte eller fortsatt er der. :smiley:

 

ØKT 1

I går kveld skulle eg for første gang starte motoren med ein drevpose, mens båten låg på land. Før eg kunne starte den skulle eg "berre" skru fast oljetilførsel-røret på toppen av turboen. Grunnen til at eg hadde venta med dette var at eg skulle sprøyte olje ned i turboen like før start. Eg var nemlig usikker på om olja ville renne ut igjen gjennom olje retur-røret dersom eg gjorde dette lang tid i forvegen.

Eg sprøyta inn olje og starta monteringa. Men så oppdaga eg at pakningen eg hadde kjøpt hadde feil delenummer! Det var ikkje mogleg å få tak i ny pakning om kvelden, og båten skulle sjøsettes ved lunsjtid dagen etter. Irriterende! 

 

Ettersom pakningen var av slik papir-type, og den nesten passa, bestemte eg meg for å prøve. Eg skar den litt til, og fekk den på. Eg tenkte at dersom det skulle lekke nokre dråper så går vel det bra - kan skifte ut pakningen når eg får tak i ny.

 

Eg starta motoren.

 

Motoren starta som normalt. Eg sjekka at vanninntaket og den nye ventilen i transom var tett. Check! Så ut og sjekka drevposen og at alt var greit med vanntilførsel utenfrå. Check!

 

IMG_20211007_181115.jpg.2b4474ad5860fef098d74647d35e27f1.jpg

 

 

Så gjekk eg inn å sjekka turboen. Kvifor sjekka eg turboen til slutt - når eg visste at pakningen ikkje var optimal?? Det skjøner eg fortsatt ikkje. :headbang:

 

IMG_20211007_181413.jpg.d79bf913213334ed5f1488ce64501f81.jpgIMG_20211007_181433.jpg.0220e56cf4a994efde4495d8f80c7f73.jpg

 

Altså overhode ikkje tett. Eg stoppa sjølvsagt motoren umiddelbart, og inspiserte nærare. På dei kanskje 1,5 - 2 minutta motoren gjekk lakk det sikkert 3-4 desiliter olje. Eg vart sjølvsagt urolig for om turboen ikkje hadde fått noko som helst olje, og om eg hadde gjort skade på den. Det veit eg forsovidt fortsatt ikkje, men det er i allefall ingen ulyder eller rare lukter - alt virker normalt.

 

Irritert og sur på meg sjølv måtte eg tørke opp olja og reise heim med halen mellom beina. Eg såg planen om sjøsetting svinne hen. Eg byrja også å visualisere dyre verkstedregninger, for moralen var ikkje akkurat på topp.

 

Dagens råd til andre nybegynnere: Finn aldri på kreative MacGyver-løysinger når du mekker båt for første gong! :giggle:

 

 

ØKT 2

Ny dag og nye moglegheiter! På veg til jobb reiste eg innom Bjordal & Madsen, som til alt hell hadde den rette typen pakning på lager. Eg reiste opp til båten i lunsjen, sprøyta inn ny olje i turboen og fekk montert den nye pakningen. Testa motoren igjen.

 

Yes! Ingen lekkasje lenger!:flag: 

 

Det kom riktignok nokre dråper olje frå banjoskruen på den andre sida av oljerøret, men det var berre å stramme til litt hardere, så var også den tett. :smiley:

 

IMG_20211008_115538.jpg.168dc1886abf1a3c8bdc6a2cdfb22229.jpg

 

Båten var no klar til sjøsetting, og kransjåføren løfta båten på vatnet. Når båten var i vatnet sjekka eg motorrommet for lekkasjer i vanninntaket, før kransjåføren slapp båten. Deretter starta eg motoren og kjørte båten til brygga 30 meter unna. Der måtte eg fortøye og skynde meg tilbake på jobb.

 

So far so good!

 

Eg er lykkelig over at det ser ut til at eg har fått alt tilbake slik det skal, og at motoren virker. Får berre håpe turboen ikkje tok skade. 

 

Den verkeleg store testen kjem i morgon. Då skal eg kjøre båten tilbake til marinaen den høyrer heime, og eg får endeleg prøvd båten med marsjfart over tid, samt teste kordan den reagerer på fullt turtall. Det er først då eg veit om eg eigentleg har lukkast, sjølv om eg må sei at eg føler at dagens sjøsetting var eit flott delmål.:smiley:

 

 

IMG_20211008_115823.jpg

Link to post
Share on other sites

Bjørn Løvjomås skrev 1 time siden:

Du trenger nok ikke bekymre deg for turboen. Den har fått den smøringen den trenger. 

 

Jakob T skrev 1 time siden:

Det går fint med turboen.Hadde det vert skikklig lekasje hadde den tømt motoren for olje. Er 4bar trykk på olja inn på turboen,så den lekkasjen går vel under grov svetting.:giggle:

 

Takk, det var godt å høyre :smiley:

Link to post
Share on other sites

Utrolig bra jobb!! 

Dette er til motivasjon for andre som vegrer seg mot å skru selv. 

Jeg pleier å tenke; "andre får det jo til, så det må jo være mulig å få det til". 

Så er det et fantastisk forum her som har tonnevis med kompetanse og tips. 

Jeg gleder meg til rapport fra testturen. Lykke til. 😊 

Link to post
Share on other sites

Støtter @Viksund830 her.

 

Flott jobb du har gjort, til at du har uttalt at dette har du ikke greie på.

Men 10 tommeltotter har du vertfall ikke😁

Go motivasjon for deg sjøl og andre dette.

 

Sier som Pippi ‘Det har eg aldri gjort før, så det får eg heilt sikkert til’😁

 

Er heller ikke bekymra for turboen, den har fått smørning nok😉

Nå: Shakespeare 15,6 fot Suzuki DT140 EFI (Prosjekt) (2021-…)

Nå:  92- Nor-Dan 6100  Mercury Verado 200 (2016-...)

Før: 91- Skipsplast 460 Suzuki DT90         (2008-2016)

Før: 80- GH10               Evinrude 8             (Midt på 90-tallet)

Link to post
Share on other sites

Her kjem ein rapport frå dagens prøvetur, som varte i rundt 1,5 timer, og det vart tilbakelagt rundt 13 nautiske mil. Her er det noko som er positivt, og noko som ikkje er positivt.  Eg startar med det positive først. :)

 

Motoren starta og gjekk fint. Eg byrja rolig og sjekka tilstanden i motorrommet under vegs. Ingenting spesielt å finne der, alt ok.

Etter kvart auka eg turtallet til marsjfart. Temperaturen holdt seg stabilt på i underkant av 90 grader. Kanskje 87-88. Når motoren var god og varm kjørte eg den på fullt turtall. Temperaturen gjekk opp i litt over 90 ved Max turtall. Det kan hende at ripene etter steinen i sjøvannspumpa har innvirknad her, men eg tenker at denne temperaturen er kurant, eller?

 

Så til dagens verkelege positive overrasking. Motoren vart merkbart sprekere enn før! Etter det eg har skjønt skal maks turtall på denne motoren være 3800 rpm. Rett før reparasjonen fekk eg den berre opp i 3650. Men no stoppa ikkje nåla før den sto på…. (Drum roll!)

 

IMG_20211009_144809.jpg.f3aca1f0a741839e6787acdd86756198.jpg

 

3950! Det er jo nesten litt merkelig. MEIR enn den skulle hatt om den var ny. Korleis er det mogleg, eigentleg?

 

IMG_20211009_142011.jpg.15dfc19a4fdea80cbc63e6d35a9d55d2.jpg

 

Notert toppfart var 22.5 knop, noko som er 2 knop meir enn då me kjøpte båten, og heile 4 knop meir enn rett før reparasjonen. Med dette turtallet tenker eg at 3500 rpm må kunne være eit heilt kurant marsj-turtall. Og då låg båten i 18 knop i dagens litt grove sjø. Kanskje litt meir på stillare dagar? Opptur!! :)

 

IMG_20211009_143242.jpg.a6f69f253362c60c9d3e1056d079a98b.jpgIMG_20211009_143218.jpg.50cfbbe61f73433ca1c052adc52d8747.jpg

 

Ein del bølger på fjorden i dag.

 

 

Så til det negative.

 

IMG_20211009_145512.jpg.cce0af5ee6117dfa12dc09ec211029ca.jpg

 

Etter ei tids kjøring hadde det lagt seg litt vatn under motoren. Det var også nokre flekker med olje der.  Vatnet såg litt grønnlig ut, men ikkje mykje. Var vatnet ein blanding av sjøvatn og kjølevatn? Etter litt inspeksjon med motoren i gang og litt turtall på, fann eg ut at det dryppa litt vatn frå sjøvannsfilteret. Det var ikkje skrudd godt nok til. Eg skrudde hardare til, og dermed var dryppinga borte. Flott, då var i hvertfall  ikkje det eit problem likevel. :) Men olja fann eg ikkje heilt ut av.

 

IMG_20211009_153657.jpg.6e2abc89fc3b967c6b31935d0abfdb3d.jpg

 

Som de ser på dette biletet så ser det ut til å ha rent litt frå banjoskruen. Den olja som ligg nede ved kanten på motoren er gamal (fekk den ikkje bort ved vask). Det er litt rart at det har rent her, for denne skruen har eg stramma så hardt til at eg ikkje klarer å rikke den ein millimeter til. Men kanskje ikkje hardt nok likevel? Ein annan ting er jo at desse oljeflekkene er litt spredt rundt. Noko av det kan kanskje være rester etter oljelekkasjen eg hadde på turboen i forgårs, som har dryppa ned når båten har bevega seg i bølgene?

 

 

Men så var det den svake grønnfargen då.. Eg tørka opp alt vatnet og kjørte litt meir. Ei stund seinare så det slik ut under motoren.

 

IMG_20211009_153600.jpg.1a266b536e5e5d8f8925e005f7916a17.jpg

 

IMG_20211009_155124.jpg.894f624ae9c5d3a37074f258ab6784af.jpg

 

Ikkje noko meir olje i allefall, men heilt tydelig kjølevannslekkasje.

Lekkasjen eg hadde før reparasjonen er der altså endå. Eg hadde jo eit optimistisk håp om at denne lekkasjen skulle forsvinne med varmgangen, men realisten i meg har tenkt at dette kanskje ikkje var tilfelle.

Måten kjølevatnet har lagt seg i bunn av båten er identisk med tidlegare. Men eg klarar berre ikkje å identifisere kor det kjem i frå. Det ser ut til å ha dryppa frå fleire stader. Kva kan være årsaken?

 

Etter endt kjøretur oppdaga eg også dette.

IMG_20211009_154018.jpg.c5de81fa77a5d25c1cde2c46b34eef02.jpg

 

Luftfilteret har løsna. Eg syns det er vanskeleg å feste dette filteret skikkelig. Det er eit bøyelig plasthus som ein skrur til rundt ein mjuk gummipakning. Dersom ein skrur for hardt pressen ein filteret av. Skrur ein for svakt kan det også dette av. Her har eg tydeligvis bomma med momentet, men eg aner ikkje korti dette har sklidd av. Kor negativt er det å kjøre med filteret slik?

 

 

Konklusjonen? Eg kjenner meg rimelig fornøyd, fordi:

 

- Eg har klart å demontere deler av motoren og satt det saman igjen på ein grei måte

- Har fått meg ein ny turbo, eksosbend og stoppekran til kjølevatnet utan å betale ein formue for fagfolk til å montere det. :D

- Er kvitt varmgangen

- Har fått betre effekt av motoren og høgare marsjfart

- Båten er etter mi meining no fullt ut brukbar, og familien planlegg å reise på båttur allereie i morgon. :)

 

Og så har eg tydelegvis framleis nokre utfodringar som eg kanskje bør få sett på. Men dette kan gjerne vente til våren? :)

IMG_20211009_153630.jpg

Redigert av Vestlandssong (see edit history)
Link to post
Share on other sites

Ang kjølevæske. Hvor høyt sto nivået når motor var kald. Dersom det er helt fullt, vil motor spytte ut det som er for mye. Ofte er det en ekspansjonstank på kjølevæske. Er den helt full ved kald motor, vil den spytte ut ganske mye

 

Lag til, fantastisk resultat, du har fått den motoren du ønsket deg for en rimelig penge. 

I verste fall har du en kjølevæske lekkasje du må finne og tette. 

Den oljelekkasjen må være liten.  Forsto jeg det rett når det var en banjokobling?

Da ville jeg satt på nye kobberskiver, evt gløde ut dem gamle. 

Redigert av Bjørn Løvjomås (see edit history)

Endelig ble det Bobåt

Link to post
Share on other sites

Bjørn Løvjomås skrev 2 minutter siden:

Ang kjølevæske. Hvor høyt sto nivået når motor var kald. Dersom det er helt fullt, vil motor spytte ut det som er for mye. Ofte er det en ekspansjonstank på kjølevæske. Er den helt full ved kald motor, vil den spytte ut ganske mye

 

Den sto like over minimum. Før reprasjon gjekk nivået ned under minimum, så måtte fylle på litt nytt. Men eg har berre fylt på nokre få desiliter på over 50 timers gange så lekkasjen kan umulig være stor...

Link to post
Share on other sites

Bjørn Løvjomås skrev 12 minutter siden:

 

Lag til, fantastisk resultat, du har fått den motoren du ønsket deg for en rimelig penge. 

I verste fall har du en kjølevæske lekkasje du må finne og tette. 

Den oljelekkasjen må være liten.  Forsto jeg det rett når det var en banjokobling?

Da ville jeg satt på nye kobberskiver, evt gløde ut dem gamle. 

 

Jo takk, det er kjekt å ha ein fungerende og spreke motor enn før 😃👍

 

Eg kjøpte nye kobberskiver til banjoskruen så de skal være ok. Med mindre eg har gjort ein forveksling og har satt på ein av dei gamle igjen. Er jo ikkje heil umulig.

Link to post
Share on other sites

Hva skjer om du ikke fyller etter kjøleveske? Stabiliserer nivået seg litt under minimum eller fortsetter det å minke. Om det stabiliserer seg har du funnet motorens naturlige nivå. 

Viksund 340 St. Cruz: Tre-roms fritidsbolig med to terasser og fleksibel beliggenhet.

 

2009 - 0000: Viksund 340 St.Cruz Fly m/VP D6-370/HS80AE

2003 - 2009: Halco 29 Offshore Fly m/VP 41B/290DP

Link to post
Share on other sites

Brigg skrev 13 minutter siden:

Hva skjer om du ikke fyller etter kjøleveske? Stabiliserer nivået seg litt under minimum eller fortsetter det å minke. Om det stabiliserer seg har du funnet motorens naturlige nivå. 

 

Godt spørsmål. Det skal eg teste i løpet av turen me skal på dei neste par dagene. 👍🙂

Det hadde jo vore kjekt hvis det er så enkelt.. 🙂

Link to post
Share on other sites

Vestlandssong skrev 18 minutter siden:

Eg kjøpte nye kobberskiver til banjoskruen så de skal være ok. Med mindre eg har gjort ein forveksling og har satt på ein av dei gamle igjen. Er jo ikkje heil umulig.

Du kan, en eller annen gang, til våren eller noe🙂 demontere banjoskruen å sjekke om selve banjoen er parallell.  Det kan du enkelt gjøre med et skyvelære. Ofte blir de trekt til for hardt. Å da bøyer selve banjoen seg. Å kobberskivene får ikke noe godt anlegg. 

Endelig ble det Bobåt

Link to post
Share on other sites

Har du varmtvannstank og defroster i kjølekretsen? 

I så fall så blir volumet kjølevæske større og dermed også mer væske som ekspandere med høyere temperatur.

På den forrige motoren monterte jeg en litt større ekspansjonstank slik at jeg kunne se kjølevannet selv med den ekstra mengden kjølevæske.

 

Link to post
Share on other sites

Du har sjekket at det ikke kommer ut væske fra sladrehullet på sirkulasjonspumpa(kjølevannspumpa)?

Er denne sliten, så vil du få lekkasje der.

Ellers kan du når det er tørt/rent under motor legge ned papir/duk som dekker hele området. Så vil du etter tur, ser hvor vannet kom ned først. Da blir det enklere å lete på motor.

 

Ellers så er jo disse motorer kjente for sin idiotiske design mellom pumpe å termostathus. skal utrolig lite til for å få lekkasje der.

http://www.fuel-flow.no

Få kontroll på dieselforbruket ombord med en forbruksmåler fra  www.fuel-flow.no  

 

Link to post
Share on other sites

Hei. 

 

Flott tråd, og du har god grunn til å vera nøgd med deg sjølv!

 

Når det gjeld det lause luftfilteret så er det slike konstruksjonar som gjer at eg meiner at mange VP har grunnleggande dårleg konstruksjon. Kvifor har dei eigentleg bygd motoren slik? 

 

God tur i morgon! 

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...