Jump to content

Frydenbø Sabb Motor, ein leverandør ekte båtfolk må halda seg unna


PandaPP

Recommended Posts

Noe nytt i saken??

 

Trist at en motor leverandør kan holde på slik... :nonod:

 

Nei, desverre ikkje noko nytt.

Eg purra i midten av Juli og fekk til svar at den som "hadde saka" var på ferie og kom igjen "om 14 dagar". Dei dagane er jo forlengst "oppbrukt", så eg sendte ein ny mail i går kveld.

 

Det er ganske bedrøveleg, det heile...., men kva svarte skal ein gjera???

Dei kan jo holde på "i evigheter".. for dei veit at, å tvinge dette igjennom vil koste mykje penger... :headbang:

Link to post
Share on other sites

CAD-tegningen ble levert nærmest som en "service" overfor kjøper, på dennes forespørsel i ettertid, og uten at det ble krevd vederlag for dette ?

CAD-tegningene ble leveret lenge før motoren, og var om du leser fra starten, en del av avtalen. Og det ble levert feil CAD-tegninger.

Link to post
Share on other sites

  • 2 måneder senere...
Hei PandaPP,

 

Er det noke nytt i saken din??

 

Ja, litt nytt er det.

Etter utallige purringar, fekk eg 24. august, endeleg skrifteleg godkjenning på eksos anlegget.

Når det gjelder lekkasjen frå turboen, var svaret at dei ”ventar på svar i frå Iveco”..!?! Har purra fleire ganger etterpå, men dei svarer ikkje lenger.

Prøver å være nøye med å tørke opp under turboen, men som bildet viser ser det ikkje særlig fint ut.

 

turbo_lekkasje.jpg

 

Frydenbø har nå hatt over 10 månader å ordne opp, men i staden for det, fortsetter dei med det dei kan best : Uthalings taktikk !!

Link to post
Share on other sites

  • 1 måned senere...

Begge deler faktisk, men sjølvsagt ikkje frivilligt..!!

Dagen etter at eg la inn forrige oppdateringa her, sendte eg ein skrifteleg varsel til Frydenbø Sabb Motor og gav dei ein 3 vekers frist til å ordne opp. Etter fristens utløp, ville eg sjølv få skifta turboen på eit anna verkstad og deretter kreve dei for alle kostnader.

 

Etter 2 1/2 veke (6. november) kjem svaret om at dei endeleg hadde fått svar frå Iveco og ny turbo var på veg. Vidare uttalte dei: "Din selvoppnevte dato for frist for å løse problemet motstrider vi, men håper turbo ankommer oss innen kort tid og at vi kan få skiftet denne raskt."

 

 

Så blir det stillt igjen... Leeeenge..!! I formiddag, sendte eg ein mail og spurte om det er slik å forstå, at turboen vert frakta med eseltransport frå Italia!!! (litt spydigt kanskje, men klarte ikkje å la ver)

 

Fekk til svar at turboen var komt og at dei vil forsøke å montere den i løpet av 14 dager...

 

Skal berre sjå at det blir jul i år `og :flag: om det blir med, eller utan, ny turbo... gjenstår å sjå !!

 

Nå er det over 5 år sidan eg gjorde denne kjempetabben, men eg ser faktisk "lys i tunellen"..

Link to post
Share on other sites

Hei

har ikke fulgt med på Heeeele denne lange tråden.

Men skjønner at Frydenbø skal en holde seg unna. Nå har det seg slik at jeg har kontor like i nærheten og ser både det nye , og Sabb bygget.

Det er litt underlig at det ikke er raskere, da det har SVÆRT liten aktivitet for tiden.

De la ut store brygger for noen år siden og gikk ut med høy sigarføring. Siden har det bare gått nedover. Ligger ett åar båter der nå, som sikkert er garanti arbeid eller ikke solgt. Dårlig rykte og finanskrisen har nok gjort deg gjeldene! Håper de får ordnet opp før siste mann slukker lyset

Link to post
Share on other sites

Det aller værste som kunne skje Sabb Motor AS skjedde for et par år siden. Nemlig at Frydenbø kjøpte opp firmaet. Det var nesten som å skru av en bryter, for maken til hamskifte skal en lete lenge etter!

 

Fra å være en utpreget servicebedrift med lange tradisjoner ogmange dyktige medarbeidere med fokus på kundeservice, fremsto så "Sabb Motor" i ny ham, men med de samme folkene. Men, det virket som om ny policy umiddelbart ble tredd nedover hodene på dem, med forbud mot å innrømme reklamasjoner, gjennomføring av kostnadskutt, nedskjæringer i serviceapparatet og på kundeoppfølging.

Link to post
Share on other sites

:sweat:

 

Skal

Aldri

Bli

Bruker hos den bedriften. Navnet SABB vil for meg alltid heretter være besudlet og vanæret av mennesker som ikke forstår seg på elementære ting som kvalitet, yrkesstolthet, tradisjon, tillit, trivsel, følelse, respekt, omdømme, trygghet.

 

Entusiastisk - ærlig - ansvarlig = :puke:

 

Jeg blir uvel av å lese alt det vonde du har opplevd. Til de som hevder at det alltid er flere sider av en sak, jo det kan så være, men har har vi et eklatant eksempel på elendig oppfølging av en kunde. Hvem som helst andre har det litt enklere når man sitter på sidelinjen og ikke føler marerittet på kroppen. Det blir nok litt enklere å forholde seg "nyansert og balansert" når det er noen tilfeldige andre som opplever marerittet.

 

Kraftsalve? Ja og det er som fortjent. Akkurat nå er jeg litt glad, men det er for at jeg fikk kjennskap til denne historien.

 

...i henhold til våre kvalitetssikringsrutiner... :crazy: :crazy: :crazy: Det er så galt at egentlig skulle man le av det, men det klarer jeg heller ikke.

 

Lykke til videre PandaPP :cheers:

Link to post
Share on other sites

  • 8 måneder senere...

:sad: Ja, fytti grisen… dette ville ingen ende ta!!

22. desember i fjor vart det montert ny turbo. Under installasjonen ville eg veta kva som var gjort av modifikasjonar for å forhindre at den nye turboen ikkje skulle lekke. Fekk til svar at det ikkje var gjort noko som helst…

Derfor kom det ikkje som nokon ”bombe” at kondensvatnet ”fant vegen ut” også frå den nye turboen, ved første oppstart... :nonod:

Servicemekanikarane skreiv sin rapport og reiste, med beskjed om at eg ville verta kontakta av servicesjefen. Dagen etter fekk eg ein e-post der han ynskte meg God Jul og ville ”før han tok Juleferie ” informere ”om at Iveco jobba med saka” og at han ville ”komme tilbake med vidare gang i saken”.

Så vart det stilt…. No heiter det riktig nok ”at Jula varer heilt til Påske”, men det hadde ikkje eg tolmodighet til.

Sendte derfor ei purring 4. februar og får svar: ” Hei, ikke hørt så mye fra Italia enda og juleferien må vel være slutt nå! Har purret de, så får vi se hva neste skritt blir.

Kan ikke annet enn å be deg holde ut og fortsatt være tålmodig, mange takk."

Ny purring 3. mars. Ikkje svar !! :sad: Ny purring 14. mars. Ikkje svar !! :sad:

19. mars sendte eg ein ny e-post der eg tilbydde Frydenbø Sabb å kjøpa motoren tilbake. Motoren hadde då eit timetall på om lag 60 timar og eg meinte det burde vera ein ”vinn/vinn” situasjon for begge partar. Tilbydde meg også å ta motoren ut av båten.

Får endelig svar 26. mars der dei avviser forslaget mitt og svarar vidare: ”Som jeg har informert om tidligere er saken hos Iveco, og vi venter på løsning og forslag fra de.”

Så er det stilt igjen… :sad:

18. april sender eg ein ny e-post: ” Iht Forbrukerkjøpsloven §30 har Frydenbø Sabb rett på to avhjelpsforsøk "innan rimelig tid".

Eit år og tre månader på første avhjelpsforsøk er ikkje i nærheten av ordlyden: "innan rimelig tid"!! Eg ber også om ein dato for utbetring.

Når eg framleis ikkje får svar, sender eg ein ny e-post 7. mai, der eg gir dei ein frist til 28. mai på å utbetre forholdet. I motsatt fall vil eg overlate saka til ein advokat som sørgjer for utbetring på eit anna verkstad. For Frydenbø Sabb`s rekning, sjølvsagt.

18. mai får eg fylgjande e-post:

”For å forstå og komme videre med denne reklamerte feilen må vi gjøre følgende:

Demontere turbo og evt eksos manifoil, sjekke tilstand etter beskrivelse fra Iveco.

Montere sammen, prøvekjøre med maks belastning i min 1 time.

Demontere turbo og evt manifoil igjen, sjekk tilstand tilsvarende på nytt.

Våre observasjoner og målinger skal så Iveco analysere.

Er blitt lovet at de skal respondere rask når vi har meldt tilbake våre resultater.

Før vi avtaler dag så må jeg vite at båt lar seg prøvekjøre som beskrevet?” :puke:

 

Eg er sjokkert!!! Eit totalt meiningslaust, kostbart og ikkje minst bortkasta arbeid!!!

 

Alle motorar kondenserar innvendig etter bruk. ALLE saman!! I motsetnad til denne, heldt andre motoranlegg kondensen inne i eksosanlegget heile vegen ut. Noko vert blåst ut med eksosen, resten fordampar når temperaturen vert høg nok.

Det er denne turboens design(der wastgate akslingen kjem ut på lavast punkt) som forårsakar lekkasjen.

 

Sidan min erfaring med Ledelsen på Frydenbø Sabb Motor, er at dei gjer alt motsatt til det eg ynskjer, svarar eg: ” Båten lar seg heilt klart prøvekjøre som beskreve. Passar det i midten/slutten på veke 22 eller begynninga av veke 23?”

Så er det stilt igjen… :sad:

 

22. juni sendte eg ein ny purring: ” No er det gått over ein månad utan tilbakemelding. Hadde nesten håpa på at de no skulle fiksa opp i dette, når de var lova ”rask respons” hjå Iveco!?! ”

Ikkje noko svar… :sad: (Får ”Lest” e-post, så eg veit den er mottatt)

 

27. juni sender eg ein e-post til øverste Leiinga i Frydenbø konsernet, samt til eigar. Forklarer situasjonen, legger ved link til Baatplassen og ber om hjelp til å få løyst saka.

1. juli får eg ein positiv e-post frå ein Adm.Dir. i konsernet, der han ber om eit møte.

Me møttes dagen etter og hadde ein god dialog. Eg la fram mitt synspunkt på lekkasje problemet, at Iveco må endra designet på turboen for å eliminere problemet.

Frydenbø meinar at ”vetle Norge” ikkje klarer å få Iveco til å endre noko som helst. Mulig dei har rett, men ein må i alle fall forsøke, meinar no eg !!!

Lar det seg ikkje gjennomføre, må ein jo finna ein ”nødløysing”. Ein kan ikkje ha renningar nedetter motoren, slik som det er nå, med påfylgjande etse/rustskader.

Som ein ”nødløysing” foreslo eg at det kunne monterast ein ”oppsamlar” under lekkasjen, men då ville eg ha ein bekreftelse frå Iveco om at det ”var slik det skulle vera”.

 

5. juli fekk eg ein e-post frå Servicesjefen: ”Vår planlagte demontering og testkjøring med tilhørende rapportering til Iveco, ville etter all sannsynlighet endt med samme konklusjon som du også allerede har kommet til.” Samtidig ba han meg om å komme med båten i veke 34 for montering av oppsamlar.

Eg presiserte igjen: ”Mitt forslag med ein oppsamlar under turboen er ein "nødløysing" dersom ikkje Iveco kan komme opp med ein betre løysning. Dette synst eg me må få ein bekreftelse på.” Eg skriv også i same e-posten, at eg synst eg kan få dekka diesel utgifter, nytt gearolje filter og litt lakk til giret. (eg syntes ikkje det er mykje forlanga)

Så er det stilt igjen….

 

24. august sender eg ein ny e-post og etterspør bekreftelsen frå Iveco. Seinare samme dag får eg ein telefon frå ein kundebehandlar som vil avtale tidspunkt for montering av ”kopp”..

Når eg spør angåande dei andre punkta, hadde han ”ingen kommentar” og hadde berre fått beskjed om å avtala tid..

 

Eg har fullstendig mista all tillit til Leiinga i Frydenbø Sabb Motor.

Å montere ein ”kopp” før eg får ein bekreftelsen på at dette er ”slik det skal være”, betyr at eg kan sjå langt etter denne bekreftelsen i ettertid.

 

Derfor ringte eg samme dag tilbake til den samme Adm.Dir. og ba han hjelpe til, for å få ein løysing på dette marerittet.

Me vart også einige om at ein slik bekreftelse burde Frydenbø kunne gi også, sidan dei er importør.

 

Me skal berre sjå at det vert Jul i år òg…

Link to post
Share on other sites

Kjenner jeg blir irritert av og lese det du skriver, dette skulle ikke være mulig! :headbang: Nå har det gått 6 år siden du fikk motoren ombord, og de har endå ikke klart og ordne opp etter seg :crazy: Håper du får hjelp snart, det fortjener du mere en noe annet! :smiley: Du er alt for tolmodig mener jeg! Hvordan går det med rettsaken? Lykke til! :seeya:

If it is grey, let it stay, if it's green, take it out and start screw!

Link to post
Share on other sites

Delta i diskusjonen

Du kan skrive innlegget nå, det vil bli postet etter at du har registrert deg. Logg inn hvis du allerede er registrert.

Guest
Svar på dette emnet

×   Du har postet formatert tekst..   Fjern formattering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Innholdet du linket til er satt inn i innlegget..   Klikk her for å vise kun linken.

×   Det du skrev har blitt lagret.   Slett lagret

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...